Eg har vore på Facebook i eit drøyt år no, oppretta ein profil fordi "alle" andre hadde. Det kan vere kjekt å følgje venner og bekjente, men eg er nok ikkje den ivrigaste på facebook. Eg legg lite ut sjølv, er nok litt for privat for det, og tenker at "er no det så interessant å melde?". Det gjeld å finne balansen, nokre blir kanskje litt for private og legg ut alt og litt til, andre "spammar" med sine spesialinteresser (og kun det), som kanskje ikkje er så interessant for alle. Heldigvis fins det ein gøymefunksjon så ein kan skjule statusoppdateringar...Men eg er no likevel inne med jamne mellomrom for å sjå kva som skjer.
For bibliotek trur eg facebook kan vere eit nyttig verktøy, der ein melder nytt frå biblioteket. Ein viser at ein er "med", og får formidla til fleire grupper kva som skjer på biblioteket. Det gjeld berre å få folk til å bli tilhengjarar av sida, slik at ein faktisk har nokon å formidle til...
Sider
torsdag 21. oktober 2010
måndag 18. oktober 2010
Sosiale bokmerke
Og så var det tid for å setje seg litt meir inn i såkalla sosiale bokmerker. Eg har prøvd både del.icio.us og Library Thing for nokre år sidan, men blei ikkje noko storbrukar. Men ser absolutt nytten av del.icio.us og kunne ta med seg bokmerkene uahengig av kva pc ein er på, og også finne gode nettsider om eit emne. Når ein googlar får ein jo opp litt av kvart, kanskje ein kan få gode tips ved å leite via del.icio.us og sjå kva andre synes er bra sider om eit emne?
torsdag 7. oktober 2010
Direkte kommunikasjon
Då har eg fått prøvd chattefunksjonen i Gmail også. Tidlegare har eg prøvd eit par andre slike også, og det kan vere ein grei måte å kommunisere. "Problemet" med slik chatting, har eg funne ut, er ofte korleis ein skal få avslutta "samtalen". Ein skriv ein kommentar, får svar som blir svart på igjen - og slik har ein det gåande ;-)
Nyheitsstraumar og iGoogle
Då har eg rota rundt på iGoogle og laga ei personleg startside. Spørsmålet er jo om ein skal vere fagleg og fornuftig, og legge til masse jobbrelevante feedar, eller som ein skal gå for ei litt meir avslappa side... Nett no er det litt av kvart - litt bibliotekbloggar, litt nyhende, og noko som berre er tull.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)