Sider

torsdag 21. oktober 2010

Nettsamfunn/facebook

Eg har vore på Facebook i eit drøyt år no, oppretta ein profil fordi "alle" andre hadde.  Det kan vere kjekt å følgje venner og bekjente, men eg er nok ikkje den ivrigaste på facebook. Eg legg lite ut sjølv, er nok litt for privat for det, og tenker at "er no det så interessant å melde?". Det gjeld å finne balansen, nokre blir kanskje litt for private og legg ut alt og litt til, andre "spammar" med sine spesialinteresser (og kun det), som kanskje ikkje er så interessant for alle. Heldigvis fins det ein gøymefunksjon så ein kan skjule statusoppdateringar...Men eg er no likevel inne med jamne mellomrom for å sjå kva som skjer.

For bibliotek trur eg facebook kan vere eit nyttig verktøy, der ein melder nytt frå biblioteket. Ein viser at ein er "med", og får formidla til fleire grupper kva som skjer på biblioteket. Det gjeld berre å få folk til å bli tilhengjarar av sida, slik at ein faktisk har nokon å formidle til...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar