Sider

måndag 18. oktober 2010

Sosiale bokmerke

Og så var det tid for å setje seg litt meir inn i såkalla sosiale bokmerker. Eg har prøvd både del.icio.us og Library Thing for nokre år sidan, men blei ikkje noko storbrukar. Men ser absolutt nytten av del.icio.us og kunne ta med seg bokmerkene uahengig av kva pc ein er på, og også finne gode nettsider om eit emne. Når ein googlar får ein jo opp litt av kvart, kanskje ein kan få gode tips ved å leite via del.icio.us og sjå kva andre synes er bra sider om eit emne?
LibraryThing brukte eg mest for å lage ei oversikt over boksamlinga heime, men så blei heile greia lagt vekk. Blei vel ikkje heilt ferdig med innlegginga heller... Men ser at LibraryThing/Bokelskere kan vere ein artig måte å ha eit fellesskap rundt bøker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar