Sider

tysdag 16. november 2010

Til slutt...

Veldig nyttig å ha gjennomgått dei ulike emna. Mykje av dette er slikt vi er borti litt her og litt der, men vi tar oss ikkje tid til å parkere oss framfor pc'en og setje oss inn i det. Med eit slikt kurs blir ein nødt til å ta seg tid.

Trur det er mange av tinga vi har gjennomgått som kan brukast på ulike måtar i biblioteket, men det er viktig for den enkelte å finne ut av kva som vil fungere for dei.

Nettsky

Eg har brukt Google docs littegranne tidlegare. Men til no har eg berre lasta opp dokument som er laga i andre program, slik at det kunne delast i google docs. Grei måte å planlegge fest på :-)

Her kjem forhåpentlegvis testdokumenet mitt:



Hmmm - det fungerar sånn cirka... Er eg for utolmodig når eg forventar at endringane skal komme opp straks dei er lagra i google docs og eg lastar bloggsida på nytt? Av og til dukkar endringane opp, av og til ikkje (i alle fall ikkje før etter ei god stund), utan at eg endrar koden på noko slag. Skulle gitt meg etter første gong, då fungerte det heilt flott :-)

Oppdatering: Har prøvd eit par gongar, og ser ut til at første gongen eg er inne og skriv/oppdaterar dokumentet så legg oppdateringane seg inn med ein gong. Neste oppdatering brukar litt tid på å oppdatere seg i bloggen - 5 minutt eller så.

Wiki

Wikipedia er jo den mest kjente wikien, og sikkert mange som har brukt denne. Fordelen med slike oppslagsverk er jo at ein får veldig masse forskjellige oppslag, og kan finne informasjon om dei særaste ting. Dessutan blir det ofte raskt oppdatert; skjer det ei endring eller noko nytt, så blir det endra på wikien.

Mange "særinteresser" har sine eigne wikiar. Kursbloggen viser til bl.a. diverse bibliotekwikiar og lokalhistorie, men det fins eigne wikar for mykje anna, spesielt innan populærkulturen; t.d. tv-seriar og filmar (Harry Potter, Stargate, til og med Muppet wiki...).

Forutan å bruke dei ulike wikiane som oppslagsverk, kan biblioteka bruke verktøyet og opprette eigne wikiar. Dersom fleire skal samarbeide om eit prosjekt/plan/dokument, kan ein opprette ein wiki der alle kan gå inn og redigere. Fylkesbiblioteket har lenge hatt planar om å lage ei oversikt over forfattarar frå Sogn og Fjordane - her er wiki eit aktuelt verktøy.

måndag 8. november 2010

Podkast

Eg trur det kan vere interassant for mange bibliotekbrukarar å få tilgang til t.d. bokomtalar frå sitt bibliotek som podkast, slik Oppland fylkesbibliotek tilbyr. I Oppland er det fylkesbiblioteket som legg ut podkastane, men dei får inn bidrag frå fleire bibliotekt i fylket.

Det er kanskje lurt å samarbeide slik dei gjer i Oppland, slik at ikkje fleire bibliotek gjer same arbeidet. Dersom ein kan få til eit slikt samarbeid i fylket vil ein få fleire podkastar som alle biblioteka kan tilby og lenke til på sine nettsider.

YouTube

Eg har brukt YouTube ein del, og har til og med registrert meg som brukar der (om eg berre hugsa brukarnamnet...). Det er mykje artig å finne der, og eg trur biblioteka kan få positiv merksemd ved å legge ut videoar her. Kan leggast ut både for å bli oppdaga tilfeldig, og for å brukast på t.d. ei heimeside.

Eg brukte ein annan variant enn "oppskrifta" i kursbloggen for å legge videoen til i blogginnlegget. Eg klikka på "Del", og valgte så Blogger, då la videoen seg rett inn i eit nytt blogginnlegg. Men ved "Innbygg" får ein eit par fleire val, så det er kanskje betre å bruke.


Klippet er henta frå BBC-serien That Mitchell and Webb Look, og tar for seg det "alternative" akuttmottaket. Etter å ha sett dette lurar eg på om eg skal starte ein homøopatisk pub. Burde vere bra inntjeningsmulighetar der, utgiftene til alkohol vil i alle fall ikkje vere store ;-)

fredag 5. november 2010

Flickr

Mykje rart å finne på Flickr, frå "faglege" bilete til folk sine feriebilete eller anna. Ser det er mange som har oppretta grupper der fleire lastar opp bilete frå ein spesiell stad eller om eit spesielt tema/motiv.

Greit å søke, men ein finn jo alt mogeleg om ein søker på noko, så lenge nokon har tagga biletet sitt med emneordet du søker på. Dermed kan det bli mykje "støy" når ein søker. Men ein grei måte å dele bilete med andre på.

Budgerigars
Foto: Albuquerque BioPark
Eg trur eg eg påvirka av turen innom twitter før i dag, og fugletemaet, for eg byrja å søke opp bilete av undulatar (ja, av alle ting...). Eg har hatt undulatar sjølv, opptil fleire sidan dei etterkvart byrja å formere seg. Lurte på om eg skulle ta med eit bilete av nyklekte undulatungar, men det hadde no vore stygt gjort. Ingen lodne små kyllingar her, nei, men derimot fjørlause stygge raudlilla bittesmå vesen. Men dei blir jo fine etterkvart. Eg hadde bl.a. ei grøn ho som på biletet, og ho fekk ungar med ein kvit hann med blå flekk på magen. Ungande blei ein kopi av faren, med ein liten "fargeforskyvning"; dei fekk blå flekk på magen, men der faren var kvit blei ungane lysegule...

Twitter

Tja, tjo...
Trur kanskje ikkje twitter er det biblioteka først skal hoppe på. Det er ein grei måte å få sendt ut små drypp om kva biblioteket driv på med, men er usikker på kor mange av bibliotekbrukarane som a) er på twitter, og b) er interessert i å følgje biblioteket der. Dersom twitring ikkje er lystbetont, og noko ein tenker at "yess, dette vil eg prøve", så er det jo ei vurdering som må gjerast før ein evt opprettar ein konto for biblioteket, og om ein heller skal prioritere andre kanalar.

Origo

Endeleg fått sett meg ned og fortsett litt med kurset - lenge sidan eg har fått gjort noko no.
Origo trøbla eg litt med, på kursdagen på Skei var det ein del ting som ikkje fungerte, og no når eg skulle sjå på det igjen så var det ikkje alltid logisk kvar du finn ting. Dvs eg fann ikkje fram til det eg ville med ein gong... ;-)

Ser at origo kan vere nyttig for biblioteka, spesielt muligheten for å legge inn arrangement. Men då er det viktig å få med relevante stikkord/tags, slik at ein finn arrangementet. Eg søkte på bibliotek, og fann nokre arrangement, men måtte søke på bokbåt for å finne noko om bokbåtturneen. Det er jo eit flytande bibliotek...